top of page
Asset 3_2x.png
Poesi fra havet

Poesi om havet handler om reisen på havet fysisk og psykisk. Den ytre og indre reisen. Inni mørket/dypet av meg selv til stillheten, takknemligheten og evigheten.

Følelsen av Guds nærvær på havet. 

De fleste diktene i denne boken kom til meg som en kanalisering. Det føltes som om jeg åpnet opp for kraften og samarbeidet med den. Ordene fikk en annen tyngde. Det var healing på et dypere plan.

 

Når havet blåste opp til storm kjente jeg på tankene, uroen, indre spenninger. Dette var noe jeg måtte gripe tak i  og finne den indre årsaken.

 

Når sjøen på nytt stilnet finner jeg fred inni meg. Jeg viser meg som den jeg er.

Når himmelen speiler seg i sjøen finner jeg ro i sjelen.

 

- Elisabeth Stormark

Poesi fra havet

kr 179,00Pris
  • I denne diktsamlinga skildrar Stormark havet slik ho ser da med sine eigne auge og innerste tankar, og ho har lytta til orda som kjem til ho. Ho skildrar alt frå frådende hav som brusar og slår inn mot land, til avslappande bølgeskvulp i solnedgang. Dette klarar ho å gjera metaforisk om til eigne opplevingar i livet sitt. Her vil mange kunne kjenne seg att.

    Kvart ord og setning i boka har ein stor betydning i forfatterens liv, og skapar bilete og gjenkjenning også hos lesaren. Det er fascinerande å lesa korleis ein kan bruka havet som ei metaforisk reise i eit liv. Eit eksempel er undervannsstrømmer som fører ho av sted og drar ho lenger ned i dypet, og fram til turkisblå sjø som glitrar i sola, og kvit sand sliper beina. Dette er berre litt av innholdet i diktet «Havets betydning» som eg syntes var det sterkaste i boka.

    «Undervannsstrømmer fører meg av sted. 
    Tungt det er. Har ikke krefter mer, 
    blir dradd lengre ned i dypet. 
    Til noen løfter mitt hode.»

    Også i denne boka er det malerier og bilete knytta til mange av dikta. Eg skulle gjerne sett at dei dekka ei heil side, slik at dei kom meir til sin rett. For det er flotte abstrakte malerier, der blåfargen går igjen. Skulle også gjerne sett at forfattar gav navn til bileta sine.

    Eg er imponert over korleis nokre setningar i kvart vers kan utgjera eit heilt liv. Med få ord og setningar har ho beskrevet ein periode i livet som gjekk frå det dypeste mørket, og til å komma seg med hovudet over vatnet igjen, og alt med havet som eit bilete på livet.

    Sidene og dikta er minimalistiske og det er eit stilreint oppsett. Dei er ikkje nødvendigvis på rim, men meir ein filosofisk og sjelelig tilnærming. Dette er ei bok der du berre kan bla opp på ei side og lese eit tilfeldig dikt, men likevel sjå samanhengen i eit større bilete, også i ditt eiga liv. Ved kvar gjennomlesing finn ein stadig nye tydingar, noko som gjer at boka kan lesast mange ganger. 

    Havet gjer ikkje forskjell på folk, dette er ein plass for alle. Her er alle likeverdige. På sjøen og havet kan ein finne trøst og sinnsro, men også aggresjon og frådende sinne. Dette er nokre av bodskapa forfattar får fram med sine dikt. 

    Eg håpar at mange får opp augene for desse flotte bøkene Elisabeth Naustdal Stormark har gitt ut. Forhåpentligvis kjem det fleire utgivelsar frå forfattar.

    TERNINGKAST: 5-

     

Alle produkter

Asset 4_2x.png
bottom of page